Rom vert oppretta basert på faglige behov, og fagtilsette kan be få det slik ein ynskjer i dialog med sin avdelingskontakt. Normalt vil ein opprette eit rom per emne, men det er også mogleg å slå saman fleire emne til "fellesrom". Namn på roma kan også justerast utan problem, men det er anbefalt å behalde emnekode og semesterinformasjon i namnet ( H16, V15, H18, etc). Normalt skjer opprettinga ved at avdelingsadministrator set eit kryss for "eksporter til LMS" i vårt studieadministrative system (FS), og neste dag vil romet vere på plass i >>Fronter. Ein kan då velje frå ulike malar, og enkelte avdelignar/institutt har sin eigen mal.
Skal normalt tildelast via FS, av avdelinga/instituttet sin kontaktperson. Dette er anbefalt fordi det medfører minst administrasjon på sikt. Alternativet, direkte romtilkobling i >>Fronter, vil dessutan resultere i at lærar ikkje automatisk vert knytt til lærargruppa for emnet og dermed mistar tilgang til fråversføring.
Ting som er levert i Fronter kan sendast til plagiatsjekk i systemet Ephorus (snart samanslått med TurnitIn). Normalt skjer dette i tilknyting til eksamen og prosedyra er då slik: